Ål Arbeiderparti sitt valgprogram

I vedlegget finner du Ål Arbeiderparti sitt valgprogram

Sjølvstendige og trygge enkeltmenneske legg grunnlaget for eit raust lokalsamfunn og fellesskap. Den enkelte innbyggar er viktig for Ål-samfunnet, og me treng alle som vil leva liva sine her. Me vil satse spesielt for at yngre menneske og barnefamiliar vel å etablere seg i kommunen vår.Hovudoppgåva til politikarane er å leggje til rette for vekst og utvikling. Difor er næringsareal og bustadtomter ein prioritet. Me vil ha flest mogleg ut i meiningsfull aktivitet og arbeid, og styrke breidda i arbeidslivet. Me vil støtte opp om både etablerte og nye næringar.Me vil at endå fleire skal forstå kva som gjer Ål eineståande; ein god oppvekst som gjer dei unge sjølvstendige, trygge og rause, eit samfunn som fangar opp den som treng det, og ein trygg og meiningsfull alderdom. Alle som bur her må få tilgang til det mangfaldige fritidstilbodet me har, og til gode kultur- og naturopplevingar.